Odd Nordstoga

- Før Du Går
fredag 5. februar 2027
oddnordstoga
Dører17:30
Starttid18:00
Slutt22:00
#konsert

Odd Nordstoga er ein av dei aller største låtskrivarane i sin generasjon. Heilt sidan det store gjennombrotet i 2004 har songane hans krope inn i norske hjarte – og blitt verande der. Med eit heilt eige blikk for dei små og store tinga i livet har han skapt songar som har blitt ein del av den norske songskatten.

Han er songpoet og spelemann, historieforteljar og melodimakar. Han får oss til å danse, smile og synge med – og han kan få det til å stramme seg litt i brystet når vemodet treff. Med vemodet i den eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar om livet slik me kjenner det: om kjærleik og lengt, heimstad og tilhøyrsle, kvardagar, draumar og alt det som finst imellom. Slik skal god musikk vera.

Gjennom meir enn to tiår har Odd Nordstoga bygd opp ein imponerande katalog av songar. Frå dei store gjennombrotshitsane og folkekjære favorittane til dei stillare perlene har han utvikla eit musikalsk uttrykk som er umiskjenneleg hans eige. Folkemusikken ligg i botnen, men Nordstoga har alltid late pop, viser, rock og andre musikalske impulsar få plass rundt seg.

Og det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. På scena kjem både spelemannen, historieforteljaren og musikaren verkeleg til sin rett. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg – i høgtid som i fest, på store konsertscener og i små kulturhus.

Ein konsert med Odd Nordstoga kan kjennast som ei vitamininnsprøyting. Det kan vere lågmælt og nært i det eine augeblikket, før bandet dreg til og heile salen løftar seg i det neste. Anten han står åleine, med fullt band, saman med gjester eller lyfta av strykarar, har han ei eiga evne til å skape nærleik mellom scena og salen.

Odd Nordstoga har for lengst blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft. Og når han dreg ut på vegen, har han ei velfylt skreppe å hente frå – med gamle skattar, kjende favorittar og nye songar side om side.

No er han aktuell med ny, strålande musikk. Med eit rykande ferskt album i bagasjen tek han med seg det glimrande bandet sitt ut på vegen.

5. februar kjem Odd Nordstoga til Brygga kultursal.

Det ligg an til ein kveld fylt med speleglede, varme, ettertanke og songar me kjenner – og kanskje nokre nye som skal få følgje oss vidare.